Dugneberg har ei rekkje
spannande attraksjonar, på denne sida vil me forsøkje å gje ein kort
presentasjon av dei viktigaste sjåverdigheta. Diverre manglar det bilete
til tekstsen, dette vonar eg å få på plass etterkvart.
Det mest iaugefallande på Dugneberg er nok låvebygget, som er
sentralt plassert inne på tunet. Dette bygget er for tida under
behandling, og det er planlagt at rehabiliteringa vil vere ferdig på
vårparten 2012.
Låven inneheld blant anna ein silotank i tre, det er DMB sitt store
ynskje å få overta tanken til sine formål.
På Dugneberg finn ein to potetkjellarar. Den eine er framleis i bruk,
og det er poteter i bingene. Den andre har lege ubrukt i mange år. Det
var snakk om å nytta den som stallen i Bethlem under ei oppsetning av
juleevangeliet som friluftsteater. Heile stykket vart diverre avlyst, då
Blakken nekta å stille opp i gjesterolla som eselet.
Ved innkjørsla til Dugneberg finn ein eit flott postkassestativ, i
ein heilt særskild design. Dette stativet erstatta eit gammalt og utslitt
"stativ" sommaren 1997. Det er usikkert kor lenge det har stått
postkassestativ her. Stativet som står her no, er laga av Ben-Sigvald, og
har eit flott tak av takpanner henta frå eldhuset. Alt snakket om at
stativet dett over ende i vinterstormar er sjølvsagd berre lausaktige og
usanne rykter.
Mellom eldhuset og den nye potetkjellaren finn
me ein flott port, utført i typisk nygamal stil, med hengsler frå
Trålbøteriet, og ein fin finish i ein matt malingrester og lakkpreg.
Denne porten vart sett opp i 1996, for ein eldre port, som hadde sett sine
beste dagar. For å ikkje såre nokon, vart prosjektet offisielt kalla ein
restaurering, og difor er nedste plank henta frå den orginale porten.
I vest finn ein og ein port i same stilen, den observante portkjenner vil
ved nærare ettersyn sjå at denne porten er montert feil veg. Denne
porten er laga etter "trillebår-standarden", som betyr at ein
trillebår fullasta med greiner akkurat kan passere gjennom utan for mykje
problem.
Bak garasjen finn me det som uformelt vert kalla
grillplassen, dette er ei fin flat grasseng som vert nytta nettopp til
grilling, og ellers til crocket og diverse ballspel. Det vert sett på som
ei ære å få klippe denne plassen med gressklippartraktoren, og dette
arbeidet vert berre utført av høgt kvalifisert personell.
Gravplassen for kattar er ein annan
merkverdighet på Dugneberg, her ligg både kjende og meir ukjende kattar
gravlagd. I dag er gravplassen i noko dårleg forfatning, men ein kan
framleis lese navna til dei ulike kattane på gravstøttene som er sette
opp.
Det kanskje mest kjende landemerke på Dugneberg
er likevel sannsynlegvis korset på ein av toppane i vest. Dette korset
vart sett opp av Lars-Johannes under ein pause i eit vedsagingsprosjekt,
ein gong på åttitallet. Korset synes godt frå riksvegen. Kva symbolikk
som ligg i det. er det ingen som veit. Ettersom mange fuglar misforstod
funksjonen til korset, var det etter ei tid heilt utslete, og sommaran
2004 vart det endeleg skifta ut, med eit nytt kors, som vonelege vil halda
seg minst like lenge som det orginale.
|

|