Sporplan for DMB og DBB
Å planlegge korleis skinnegangen skal leggjast, er
eitt av dei viktigaste arbeida som krevs når ein skal byggje
modelljernbaneanlegg. Før fyrste skinne vert lagt bør ein ha tenkt gjennom
mange aspekt i forhold til økonomi og plass ein har til disposisjon. Samt
kva visjonar ein har for banen ein skal bygge - både i nær framtid, men og
med hensyn på framtidige utvidingar. Ein godt planlagt sporplan kan
forebyggje mykje ekstraarbeid seinare.
DMB har ikkje vore i nærleiken av å etterleve desse
prinsippa. Anlegget starta som ein sirkelbane med to sporvekslarar ein
gong på slutten av 1980-talet. Derfrå vaks det dynamisk heile vegen, utan
ein overordna heilskapleg plan. Dette har medført mange spanande
endringar, men og utrolig mykje ekstraarbeid, samt at mykje materiell har
blitt utrangert av di det ikkje kunne nyttast i
dei vidare utvidingane.
Sporplan fram til 2003
Sporplan fram til 2004
Sporplan fram til 2007
Sporplan frå 2007 og fram til neste oppgraderinga |
|
Dessverre er ikkje sporplanane frå dei
fyrste driftsåra
bevart. Men siste sporplanen som var nytta før den store utbygginga i
2003 var omlag slik ein kan sjå nedanfor. Anlegget var då ca 120 cm x 300
cm, med ein utviding i eine enden på i underkant av 100 cm. Anlegget var nær
med å kunne kallast eit spaghettianlegg, det vil seie mange spor på eit lite
område, som går på kryss og tvers. Stasjonsspora var veldig korte, og tok
ikkje meir enn eit lokomotiv og to vogner. Anlegget var analogt og hadde
isolerte avsnitt, som vart strølmforsynte av eigne trafoer, ialt fire stykk. |
 |
|
I 2002/2003 kom den første seriøse utbyggingsfasen på DMB. Anlegget ble
nå strekt nesten 4 meter nedover i ene retningen, og den gamle delen fikk en
totalrenovering. Grunntanken nå var å ha en sirkelbane med
kryssingsmuligheter. I tillegg skulle det være to vendesløyfer som man kunne
snu tog i. Legg merke til at det ikke var mulig å kjøre direkte mellom
vendesløyfene, man var nødt til å kjøre en runde gjennom sirkelen først!
Begge vendesløyfene var skjult i tunneler. Anlegget ble også digitalisert.
DBB som står for Dugneberg -Birsemüesli-banen blel oppført i denne perioden
som en egen sidebane. Den ble aldri noen driftsmessig suksess, men var
veldig populær blant de yngste. Ett eget motorvognsett trafikkerte denne
strekningen, som endte opp i fjellbygda Birsemüseli. DBB-linjen er tegnet
inn med grønt på sporplanen. |

|
Vinteren 2004/2005 kom ein ny og revidert sporplan for DMB, som innebar
utbygging av bana, innanfor dei eksisterande lengdemåla, dette var mogeleg
ved å leggje inn eit tredje nivå på anlegget, kalla nivå 0 (med blå farge
på skissen), av de det er under dei to andre nivå. Målet for anlegget var
å kunne simulere punkt-til-punkt-trafikk, samtidig som det også skulle
være mogeleg å køyre kontinuerlig i sirkel, eller ein kombinasjon av begge
deler. Dette vart løyst ved å leggje begge vendesløyfane overfor
kvarandre, og binde dei saman med eit spor mellom dei. Ellers bestod
anlegget av 3 stasjonar på hovudbanen, samt ein endestasjon på sidebana.
Kapasiteten på anlegget var ca 5 tog i samstundes aktivitet. Anlegget var
eit kompromiss mellom plass, kurveradiuser, ønskje om lange
køyrestrekninger og kapasitet.
|
 |
|
Våren 2007 starta ei ny runde med oppgradering av anlegget. Bakgrunnen
var at eg ville gå over til eit reint modulanlegg, fordi anlegget på sikt
skal flyttast. Når anlegget er modulbasert er det også lettare å utvide det
seinare, utan å måtte kassere dei gamle delane. Det er rom for å utvide
anlegget på fleire plassar. Førebels er det berre langsida som har blitt
oppgradert. Her har skinnegangen fått ein kraftig forbedring i form av betre
fundament og meir nøyaktige skinneskjøter. Samstundes med oppgraderinga vert
anlegget klargjort for pcstyring.
Desverre er DBB-linjen nedlagt. Håpet er å få modernisert og gjenopna
banen seinare. Nedanfor er ein skisse av banen slik den ser ut etter
oppgraderingen av langsida. Legg merke til at det har kome eit buttspor i
den eine vendesløyfa, dette er berekna for bruk av lokaltogsett. Anlegget er
no i mellomstadiet eit reint punkt til punkt anlegg. Kortsida til venstre
skal oppgraderast seinare, og her vert det store endringar. Men desse
planane er hemmelege, og det vert difor ikkje lagt ut nokon skisse av den
endelege sporplanen no.
|
 |
|
Her er sporplanen slik den ser ut i Win-digipet,
som er dataprogrammet som vert nytta til å styre jernbanen. Denne sporplanen
syner betre korleis banen er meint å simulere ein jernbanestrekning. |
 |
|